«Eg kom slik i god julestemning da eg skrapa is av frontruta medan bilen stod og gjekk på daudgang i dag tidleg. Eksosen minte meg slik om den dampande anda frå reinsdyra til julenissen», skreik dama frå vekkeklokkeradioen, før ho vart avbroten av ei mannleg reklamerøyst.

«Det er framleis mogleg å kjøpe det hugsame spelet Big Killer Car! Spelet der det er om å gjere å ta livet av flest mogleg på stutt tid med effektiv bruk av ammunisjon», sa røysta i ein fortruleg tone. Eg gnei svevnen or auga. Forvirra tenkte eg meg om. Jau, eg var vaken, det var inga tvil om det.

«Festlege bonuspoeng for å skyte gravide kvinner, presse skulebussar or vegen og køyre over søte dyreungar. Ver rask! Vi har berre 3000 spel igjen. Knalltilbod no; ta to og betal for tre! Tilbodet gjeld berre i lang tid! Laup og kjøp! Dette spelet vil garantert glede borna i jula. Ikkje gløym at det er 18-års grense på spelet, så dette kan ikkje ungane kjøpe sjølve, det må mor eller far gjere», sa den mannlege reklamerøysta med mørk saklegheit. Eg var på veg over golvet.

«Høyrdest ikkje det festleg ut?» jodla radiodama.

«Talking to me?» svara eg, medan eg såg radioen djupt inn i det grøne displayet i det eg slo han av. Eg var klar for ein ny dag. Eg ville venteleg ikkje vitja Mammons tempel, kjøpesenteret, den dagen heller.

Tegning 28 - red