Fredrikstad, november 1944
Ho undra seg over kvar det blei av mora, det byrja å bli seint. Mora skulle vitje ein bonde som ho hadde høyrd om av ei kjenning. Han hadde visstnok flesk og poteter å selje. Dei fleste handla svart når dei trong noko særskilt, det gjekk som regel bra, men nokre gonger blei ein lura av folk som ikkje var gode nordmenn.
Det hadde vore litt knapt etter at far hennar hadde hamna på Grini, men det var snart sekstenårsdagen hennar og mora ville gje ho ei fin feiring, sjølv om det kanskje vart litt for dyrt. Dei vaksne syskena skulle kome og vere med på feiringa, unntatt eldstebroren som hadde rømt til Sverige, og alle skulle skaffe noko til middagen.
Ho vakna brått av tankane da ho høyrde tunge steg i trappa. Det kunne ikkje vere stega til mor hennar. Naboen deira var tung i sessen, det var helst han ho høyrde, tenkte ho, men det var liksom noko framandt med lyden.
Det banka kort og hardt på døra. Ho skvatt til og kom seg på beina, blei ståande i uvisse ein augneblink. Det var noko ved bankinga som baud ho opne tvert. Med heftig bankande hjarte gjekk ho mot døra.
Ein soldat med ein diger schæfer ved sida si, mønstra ho merksamt. Ho stira rett inn i opninga til løpet på maskinpistolen hans. Han retta våpenet ein annan veg, han vart litt mindre trugande. Han såg ikkje lengre på ho, han såg mot stova deira. Han gjekk mot ho utan å ensa ho, ho rygga og kom seg or vegen. Soldaten forsvann inn i stova, retta på gardina, snudde på hælen og gjekk ut att. Ikkje eitt ord sa han, ikkje eit blikk til fekk ho.
Ho sette seg ende ned og blei sitjande og sjå på merket etter hæljarnet på stovegolvet. Så kom tårene. Eimen av mannesveitte og våt bikkje hang igjen. Ho skulle gjerne ha lufta ut, men våga ikkje.